Lyrikaren og kunstnaren FInn-Egil Eide frå Nordfjordeid, kjem til Nynorske litteraturdagar med den heilt ferske diktsamlinga "Eit tidsrom". Eide kjem for å ha ein litterær samtale med Ove Eide - som har vitja Nynorske litteraturdagar mange gonger før - om både kunsten og lyrikken.
Finn Egil Eide fyller 75 år i år, og har ei lang karriere som kunstnar og forfattar bak seg.
Ove Eide kjenner Finn-Egil Eide godt. Ove Eide har redigert, skrive og gjeve ut over 20 bøker, og er no pensjonert lektor i norsk og mediefag ved Firda vidaregåande skule på Sandane i Sogn og Fjordane. Han har hatt ei rekkje tillitsverv i organisasjonar, mellom anna vore styreleiar i Nordfjord Folkemuseum. Fram til 2013 var han leiar i Språkrådet sitt fagråd for skule og offentleg forvaltning.