Me er mange som har slukt bøkene til både Elena Ferrante og Anna Gevalda i nynorsk omsetjing - bøker som fengar svært mange lesarar landet over. Nokre av kommentarane ein ofte høyrer i samband med at folk les bøker som desse, er at dei "ikkje la merke til at dei var omsett til nynorsk". Kva kriterium vert lagt til grunn når forlaga vel seg ut utanlandsk litteratur til nynorsk omsetjing? Er dei bøkene spesielt gode? Eller er det slik at nynorsk er ei spesielt god målform til nettopp dette føremålet? Kanskje får me svar på nokre av desse spørsmåla når omsetjarane Øystein Vidnes og Øystein Rosse kjem saman til samtale i samband med Nynorske litteraturdagar.
Øystein Rosse har omsett bøker til både bokmål og nynorsk i ei årrekke, og spesielt kjend er arbeidet han har gjort med danske Lene Kaaberbøl sine bøker: VILLHEKS-serien, KATRIONA-serien og ikkje minst SKAMMAR-serien. I dag er CHERUB-serien til Samlaget (nynorsk) og RUBY REDFORT-serien til Mangschou (bokmål) noko av det viktigaste Rosse jobbar med.
Rosse tek også del i skulearrangementet under Nynorske litteraturdagar, der Kaaberbøl si bok "Skammarens dotter" vil vera tema på ungdomsskulen i Aurland.
Øystein Vidnes er forfattar, kritikar, omsetjar og grafisk designar. Vidnes fekk Kulturdepartementet sin kritikarpris i 2010. Medredaktør i tidsskriftet Vagant. Nyaste omsetjing: April av Angelika Klüssendorf (Skald forlag 2015). Bur i Leikanger.