Kva meiner me med overskriding? For det første tenkjer me på ordet i si vidaste tyding - noko som gjer oss i stand til å kunna inkludera musikarar, kunstnarar og forfattarar som sprenger grenser på ein eller annan måte. Nokre av dei arbeider på tvers av ulike sjangrar, nokre kombinerer ulike kunstuttrykk til nye uttrykk, nokre sprenger skalaen for tid og tek oss både bakover og framover, nokre arbeider med ulike språk og andre går inn i samarbeid som gjer dei nyskapande og grensesprengande. Årets tema vart valt fordi me ønskte eit berande tema som var høgst inkluderande - for det er det Nynorske litteraturdagar vil vera. Festivalen har dei tre kjerneorda "raus - levande - folkeleg" å leva opp til - og med årets program inkluderer me prosjekt, forfattarar, musikarar og kunstnarar som har nettopp ei raus, levande og folkeleg haldning til språk, litteratur, musikk og kunst på tvers av ulike sjangrar. Dette trur me vil inspirera publikum, og me ser verkeleg fram til at det heile brakar laus i Aurland og Flåm helga 21.-23. oktober i år.
For dei siste nyhenda - følg med oss på facebook og instagram i vekene fram mot festivalen, og sett av helga 21.-23. oktober 2016!