Vårt eige Flåm musikklag under leiing av dirigent Martin Hendriks vil spela stumfilmkonsert i Aurland som del av avsluttinga av Nynorske litteraturdagar.
Nynorske litteraturdagar har frå starten hatt ein tradisjon for å kombinera språk og musikk. Flåm musikklag kjem difor i år med noko veldig spesielt. Dei skal syna fram ein stumfilm, nesten 100 år gammal, og spela musikken synkront med filmen. Du får altså ei filmoppleving med levande orkestermusikk på kjøpet!
Filmen ’One Week’ av Buster Keaton er eit lite meisterverk på 20 minutt frå 1920. Det er ei humoristisk skildring av ei veke i livet til eit nygift ektepar, som får eit noko spesielt hus i bryllaupsgåve. Filmen eignar seg for alle aldrar.