I 2013 gjorde Janne Marit Øye stor suksess med barneboka Snøhumla Mille - ei hjartevarm forteljing om korleis det er å vere eit bittelite dyr. Ei forteljing som denne om humla Mille kan òg fort kome til å setje i gang produksjon av spørsmål rundt humlene, som korleis og kor lenge dei lever og slike ting. Og no har Janne Marit Øye gjort boka om til dukketeater - som me trur vil gleda dei minste tilhøyrarane på Nynorske litteraturdagar stort.
Dukkene er laga av Marit Torgersen, og forteljar er Janne Marit Øye sjølv.