Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imponere dei kresne kollene? I denne boka tek Malin Hellebø og Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make.
Boka tek for seg både insekt, amfibiar og pattedyr og er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.
Malin Hellebø er frå Lærdal og bur i Oslo. Ho er utdanna lærar, men har dei siste åra blitt kjend som programleiar for Dyrevenn på NRK Super. «Dyras beste sjekketriks» er hennar debutbok.