Magne Skjævesland er musikar og skodespelar. Han er aktuell med ei forestilling i samband med Vinje-året 2018., og me får møte Vinje i ord og tonar frå boka/reisa "Ferdaminne sumaren 1860".
I 1860 la Aasmund Olavsson Vinje ut på ei reise frå Kristiania til Trondheim for å vere tilstades under kroninga av kong Carl den 15. Han var 42 år, ugift og over gjennomsnittet opptatt av damer.
Magne Skjævesland byr på gitar og song/kåseri. Han lovar også dramatiserte sekvensar, allsong, hallingkast og danseinnslag!
Hjarteleg velkomen til Vinje-feiring!