Opningsarrangementet vårt vil tradisjonen tru vera ei høgtidleg opning av årets Nynorske litteraturdagar. Aurland musikk- og kulturskule vil bidra med musikk, og i tillegg vil de få andre drypp frå programmet. Nokre utvalde talarar vil også ta ordet.
Nynorske litteraturdagar feirar 10 år, og i det høvet har fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad sagt seg villig til å stå for den offisielle opninga. Nynorske litteraturdagar 2015 skal bli ei skikkeleg feiring av 10 år med litteratur- og kulturfest i Aurland - noko me vonar programmet vårt attspeglar.
Detaljert program for opningskonserten vil koma om ikkje lenge.