MOT er ein organisasjon som blei stifta 22. februar 1997 av Atle Vårvik, Johan Olav Koss, Rune Bratseth og Dag Otto Lauritzen.
MOT sin visjon er: Eit varmare og tryggare oppvekstmiljø
MOT sine verdiar er:
MOT til å leve
MOT til å bry seg
MOT til å sei nei
MOT sine prinsipp er: jobbe i førekant, sjå heile mennesket, forsterke det positive og bruke ansvarlege kulturbyggarar til å inkludere andre.
MOT jobbar i ungdomskular og vidaregåande skular.
Her i Aurland finst MOT i ungdomskulen. Der er det pr i dag 2 MOT-informatørar som gjennomfører 15 økter i ungdomskulen og 2 foreldreøkter. Gjennom øvingar og refleksjon saman med elevane jobbar me for at elevane skal bli meir bevisste og at dei tek til seg MOT sine verdiar slik at dei blir i stand til å ta eigne bevisste val i livet.
Kvart år arrangerer me MOT til å glede-dagen den 23. november. Då skal ungdomane ut i bygda og glede nokon, ulike aktivitetar har bl.a. vore leik med barnehageborna, utdeling av vafler på rådhuset og song og musikk på sjukeheimen.
I år er MOT i Aurland delaktige i Meistringsreisa. Me har hatt ein ungdom på camp i Trondheim og det skal arrangerast Meistringsdag på skulen 4. november.
Me håpar at me i løpet av vinteren også kjem i gang med tiltaket Ungdom med MOT. Her vil ungdom som utmerkar seg som gode rollemodellar få skulering av andre i MOT organisasjonen slik at dei kan bli gode kulturbyggarar i sitt lokalmiljø.
Nynorske litteraturdagar ønskjer å vera ein støttespelar for MOT i Aurland, og skipar difor til fakkeltog med sal av faklar og MOT-effektar for å markera MOT sitt arbeid i Aurland etter opningskonserten vår. Pengane som kjem inn vil bli sett av til eit konkret tiltak retta mot ungdommar i Aurland. Me ser føre oss at dette blir ei stemningsskapande og fin stund, som også vil koma ungdommane i Aurland til gode! Møt fram og støtt opp om dei flotte ungdommane i Aurland!
Fakkeltoget startar utanfor Aurland idretts-og samfunnshus etter opningsarrangementet, og vil gå til Vangen kyrkje.