Oddvar Torsheim er kjend for dei fleste for sin karakteristiske strek og underfundige humor og kommentar. Multikunstnaren Oddvar Torsheim blir å treffa på Nynorske litteraturdagar, og det ser me så fram til at me tel ned dagane til siste helga i oktober! Torsheim tek med seg den siste utgjevinga si, Ymsedamer, og mange av oss vil nok kjenna oss att i både Appelsindronninga, Lyn-Lotte og Tina Timeglas med fleire.
Publikum vil få møta Torsheim i samtale med Finn Tokvam - to karar som verkeleg får fram det beste i kvarandre, med både humor og varme i kjend stil!