Du visste kanskje at Ozzy Osbourne beit hovudet av ei flaggermus under ein konsert i 1982, og at Eric Clapton stal kona til bestevenen George Harrison. Men visste du at Phil Collins deltok som trommeslagar for den norske duoen Tobben & Ero, eller at Corey Hart takka nei til hovudrolla som Marty McFly i filmane "Tilbake til fremtiden", fordi han heller ville satsa på musikken?
Denne boka fortel om små og store hendingar frå pop- og rockhistoria. Forfattarane byr på historiar om talent, talent som vert skusla vekk, oppturar, nedturar, dumskap, lidenskap, sjalusi, skandalar, sex, dop og drap, tragediar, suksess og pinlege hendingar.
Boka er ei einaste lang speleliste der du for kvar av årets dagar får eit høgdepunkt frå pop- og rockhistoria saman med tips til akkurat kva song du skal spela denne dagen. Boka er eit must for alle faste lyttarar av NRK-programmet P.I.L.S, men vil vera til stor glede for alle pop- og rock-entusiastar.
Bård Ose er musikkjournalist og forfatter. Han har mellom anna skrive bøker om The Beatles og Rollings Stones. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S. og Radio Rock på NRK P1.
Finn Tokvam er journalist, musikar, humorist og forfattar. Han er programleiar sammen med Bård Ose i P.I.L.S og er også kjend frå programposten Radio Røynda.