Rune Timberlid kjem til Nynorske litteraturdagar med den siste boka om politietterforskaren Rolf Randen. I boka, Satans mor, blir ein cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. Det kan bli spennande å lytta til samtalen mellom Timberlid og Jan Inge Fardal frå Sogn Avis, med cruisekaien i Flåm rett utanfor. Men spenning vil me ha!
Rune Timberlid er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991, skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er fødd i Sogndal og utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole. Han har mellom anna arbeidd i Aftenposten, Dagbladet, NTB og Sogn Avis og Firda, der han var redaktør i 1990–1995. Timberlid er busett i Førde og er seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Jan Inge Fardal er redaktør i Sogn Avis.
Les meir