Nynorskelevars språksjonglering
Nynorskelevane meistrar både bokmål og nynorsk, og i tillegg skriv dei på dialekt i sosiale medium og andre private samanhengar. Ein kan såleis seia at dei sjonglerer med tre ulike ballar språkleg sett. Ein kan spørja seg: Får alle det godt til? Gir det god trening som kjem godt med i andre samanhengar? Eit større prosjekt finansiert av Forskingsrådet har som mål å finna ut meir om dette, og i føredraget vert ulike sider ved særleg nynorskelevanes språkbruk og språkutvikling lagt fram og drøfta.
Vangsnes er professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet og har i mange år interessert seg for og forska på situasjonen for nynorskelevane.