Patti Smith på norsk er eit samarbeid mellom songaren Kari Harneshaug og forfattarane Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Agnes Ravatn, som har omsett songtekstar av Patti Smith til nynorsk. Framføringa inneheld musikalske tolkingar av Kari Harneshaug og gitarist Kyrre Laastad , og prat og opplesing av Brit Bildøen frå memoarbøkene Just Kids og M Train.
Omsetjinga blei støtta av Kulturrådet, utval for litteratur, og sidan har dei gjort framføringar ved Trondheim Folkebibliotek, Littlarm i Øystese, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Bøker i Bø, Dei nynorske festspela og Munch-museet i høve Munch/Mapplethorpe-utstillinga.