Det er litt skummelt...men også litt moro...Kva var den lyden?? Fantasien blir sett i sving og alle sansar tekne i bruk!
Det blir grøssande god stemning når Helena B. Farsund tek borna med seg ut på vandring denne ettermiddagen. Bli med og finn sogene som ligg løynde i stien bak hotellet... Opplegget passar best for born mellom 8-12 år og tøffe vaksne!
Det kan hende du må ha på deg litt ekstra klede, men når du kjem innatt på hotellet ventar ei varm overrasking!