Alt skal ut
Jon Hjørnevik med Dagfinn Iversen på slep.
Etter 6 diktsamlingar har Jon Hjørnevik bestemt seg for at nok nok.
Det er fullt. Det er fullt i huset. Det er fullt i hovudet.
Det har samla seg opp og det renn over.
Det må ryddast ut. Så no er alle diktsamlingane samla i ei bok.
Alt skal ut.
I dette høve inntek Hjørnevik scena på Ægir fredag kveld. Her kjem, som vanleg, hårreisande dikt, grumsete song og dessverre Iversen på gitar. Det vert ein lang kveld i møte med alt frå oppvekst, utvekst, nesten-kjærleik, diverse hjelpemiddel og bjørkefelling. Her er mykje å kvi seg til.