Brynjulf Jung Tjønn,
(f. 1980), vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane og er utdanna journalist. Han debuterte som forfattar i 2002 med romanen "Eg kom for å elske" på Samlaget. I 2008 kom romanen "Lyden av noen som dør" på Cappelen Damm.
Første bok for barn og ungdom var "I morgen skal vi sitte i solen" (Cappelen Damm), før han ga ut "Kinamann" (Cappelen Damm) i 2011, som delvis var basert på hans eige liv.
I 2012 samarbeidde han med illustratøren Lisa Aisato om barneboka "Fotballskoene" (Cappelen Damm). I 2013 kom så ungdomsromanen som er utgangspunktet for skulebesøket hjå oss, "Så vakker du er" (Cappelen Damm). Boka blei tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2013.
Rettane for boka er selde til Tyskland, Danmark og Ungarn. I tillegg set Sogn og Fjordane Teater opp eit teaterstykke basert på romanen hausten 2015. Forfattaren er gift Brynjulf Jung Lindland-Tjønn, men nyttar Brynjulf Jung Tjønn som forfattarnamn.
Så vakker du er
I juryen si grunngjeving for nominasjonen av forfattaren frå Feios kan me lesa:
Brynjulf Jung Tjønn skriv lett om noko tungt, og vakkert om noko vondt i denne romanen. Boka følgjer Henrik, som får kreftsjukdommen til onkelen tett på. Onkelen er sjølv ein ung mann og har fylt rolla som ven, storebror og farsfigur for Henrik. Slik blir tapet noko mange lesarar kan førehalde seg til. Parallelt får me historia om Henriks forelsking og gryande kjærleiksforhold. Forelsking og sjukdom, liv og død vert sette opp mot kvarandre, og gjev stor kraft til forteljinga.
Skrivestilen til Tjønn er rytmisk, biletsterk og poetisk. Han skriv innsiktsfullt om tap, og også dei tabubelagde og kanskje urettferdige følelsane som oppstår når dei næraste er sjuke – som sjalusi og sinne. Samtidig er boka ein klassisk ungdomsroman om forelsking og frykt, avvising og kjærleik, om kjent som blir framand. Tjønn har skrive ei bevegande og håpefull forteljing om ein ung gut som mobiliserer krefter til å handtere livet.