Vesaas, Hagerup og Takvam - Diktande mødre

For ei glede det er å koma med denne annonseringa til årets program! 

F.v: Klaus Hagerup, Magnus Takvam, Olav Vesaas og Ragnhild Sælthun Fjørtoft. FOTO: Anne Dehli, Dag og Tid

"Alle" har eit forhold til tre av dei verkeleg store kvinnelege forfattarane våre, Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas og Marie Takvam, tre kvinner som på kvar sine vis har forma og prega den norske litteraturen i nyare tid. 

Kjende er også sønene til desse tre kvinnene - Klaus Hagerup som forfattar og regissør, Olav Vesaas som forfattar og journalist og Magnus Takvam som ein av profilane i den politiske redaksjonen til NRK. Og til Nynorske litteraturdagar kjem dei for å samtala om mødrene sine - og såleis gje oss eit innblikk i dei tre forfattarane sine liv som berre er kjend for dei som var heilt nær dei. 

For å leia samtalen tek dei med seg sjølvaste Ragnhild Sælthun Fjørtoft - ein av NRK sine mest folkekjære og kjende profilar gjennom tida! Det er eit svært personleg møte med dei tre diktarsønene som ventar publikum på Fretheim hotel laurdag 22. oktober - og Sælthun Fjørtoft vil lokka dei frampå kring tema som dei diktande mødrene sin påverknad på sønene sine, om korleis omverda behandla borna til dei profilerte forfattarane og ikkje minst om korleis dei var som mødre og omsorgspersonar. I tillegg kjem dei til å snakka om lukkeleg og ulukkeleg kjærleik, språk, litteratur, venskap og mykje, mykje meir. 

Nynorske litteraturdagar 2016, altså! Møt opp!

Guest User