Årets tema er OVERSKRIDING

Endeleg er me her! I vekene som kjem vil me sleppa programmet vårt bit for bit - og årets berande tema er OVERSKRIDING.

Kva meiner me med overskriding? For det første tenkjer me på ordet i si vidaste tyding - noko som gjer oss i stand til å kunna inkludera musikarar, kunstnarar og forfattarar som sprenger grenser på ein eller annan måte. Nokre av dei arbeider på tvers av ulike sjangrar, nokre kombinerer ulike kunstuttrykk til nye uttrykk, nokre sprenger skalaen for tid og tek oss både bakover og framover, nokre arbeider med ulike språk og andre går inn i samarbeid som gjer dei nyskapande og grensesprengande. Årets tema vart valt fordi me ønskte eit berande tema som var høgst inkluderande - for det er det Nynorske litteraturdagar vil vera. Festivalen har dei tre kjerneorda "raus - levande - folkeleg" å leva opp til - og med årets program inkluderer me prosjekt, forfattarar, musikarar og kunstnarar som har nettopp ei raus, levande og folkeleg haldning til språk, litteratur, musikk og kunst på tvers av ulike sjangrar. Dette trur me vil inspirera publikum, og me ser verkeleg fram til at det heile brakar laus i Aurland og Flåm helga 21.-23. oktober i år.  

Me har frå før avslørt at Tor Jonsson Orkester kjem til Nynorske litteraturdagar 2016 for å markera 100-års jubileet til den store diktaren frå Lom. Sjølvaste Aasmund Nordstoga blir med dei som gjestevokalist - og publikum får gleda av å oppleva konserten "Tor Jonsson - 100 år i kjærleik og død" i Fretheimsalen laurdag kveld. For meir informasjon om denne fantastiske gjengen, sjå her

Vidare har me også letta litt på sløret kring det flotte samarbeidet me har starta med The Fjords og hybridbåtsensasjonen Vision of The Fjords. Laurdag kveld får festivalpublikummet høve til å gå ombord i hybridbåten i Gudvangen for ei fantastisk båtreise ut i Nærøyfjorden. Verdsarvfjorden Nærøyfjorden blir såleis kulisse for ei konsertoppleving utanom det vanlege med jazzlegenden Karl Seglem og vår lokale forteljar Jorunn Barane - som vil ta oss med på ei mytologisk reise der ute i det tidlause landskapet. Dette er ei oppleving de ikkje vil gå glipp av, og meir informasjon og tilgjengelege billettar vil bli lagt ut snart! 

Følg med oss denne veka og neste for fleire drypp - og sett av helga 21.-23. oktober 2016!

Guest User