Offisiell opning med drypp frå festivalen

Lurer du på om du skal ta turen til opningsarrangementet vårt i Aurland idretts- og samfunnshus fredag 30. oktober kl 1730? Det kan tilrådast! Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, har teke på seg oppdraget å vera opningstalaren vår, og i tillegg til dette har me ein talar til på programmet som me trur mange vil setja stor pris på. Kven dette er finn du ut av på opninga vår. Utover talarane får publikum også oppleva ein liten smak av årets Nynorske litteraturdagar - Baljelauget kjem med baljebass og det heile for å spela litt, og Ragnar Hovland kjem for å lesa. I tillegg til dette slepp me til unge, lokale talent frå Aurland kultur- og musikkskule. Du treng altså ikkje lura lenger - kom bli med!

Fakkeltog og markering av MOT

Etter opningsarrangementet vårt får du så sjansen til ta del i eit stemningsskapande fakkeltog som går frå AIS til Vangen kyrkje. Fakkeltoget er ei markering av MOT sitt arbeid retta mot ungdommane i Aurland. De vil få høve til å støtta ungdommane i Aurland gjennom å betala ein liten sum for faklane, i tillegg til at de kan kjøpa diverse andre MOT-effektar. 

Vel møtt!