Informasjon om billettkjøp

Elektronisk billettkjøp

Nynorske litteraturdagar satsar på elektronisk billettkjøp i år, og all informasjon kring dette finn publikum på www.nynorskelitteraturdagar.no/billettar/. Det er eit enkelt system der du klikkar ”kjøp billett”, vel billettkategori og følgjer instruksjonane.

Dersom nokon treng hjelp, kan dei oppsøka Heradshuset innanfor opningstidene der. Me hjelper gjerne! Eit vilkår for å kunna kjøpa billett på nett er VISA-kort.

Kontant billettkjøp

Nynorske litteraturdagar vil selja billettar til kontant betaling i døra på alle enkeltarrangement, men økonomisk sett lønner det seg å kjøpa anten festivalpass eller dagpass dersom ein har tenkt å få med seg fleire arrangement.

Me opnar for billettsal til kontant betaling i Heradshuset frå måndag 19. oktober. Stikk innom oss! Dersom du vil reservera billett før dette, ring 957 95 911 eller send epost til torunn@naroyfjorden.no

 Alle som kjøper festivalpass eller dagpass vil kunna byta billetten sin i festivalband i sekretariatet på Heradshuset (Aurland) torsdag 29. oktober i opningstida og fredag 30. oktober fram til-17 og i sekretariatet på Fretheim hotell (Flåm) frå kl 1630.

Pris på enkeltarrangement

Dersom du ønskjer å kjøpa billett til enkeltarrangement får du opp prislista og billettane ved å klikka "kjøp billett". Då kjem du inn i billettsystemet vårt og kan orientera deg der. 

Guest User