Då er me i gang!
Nynorske litteraturdagar 2015 er i full gang! Det heile starta med ei høgtidleg opning i Aurland idretts- og samfunnshus, før alle gjekk i fakkeltog for MOT ned til Vangen kyrkje. Her spelte Frode Barth og hans musikarar, til minne om Johannes Winjum!
No held showet fram i Fretheimsalen saman med Ragnar Hovland og Atle Hansen og co. Håpar å sjå deg der!