Tilbake til alle arrangementer

Skuleprogram- Aurland: Boksymfoni "Atrophy in the key of dreaming books"

Atrophy- GMM.jpg

Gisle Martens Meyer har skrive eit verk basert på lyden av kunnskap – bøker, papir, ord, bokstavar, bibliotek. Me er så heldige å få han hit til oss både for elevane i Aurland og elevane i Vik!

Konserten avdekkar eit skjult univers av fantastiske, mikroskopiske lydar, mystiske teksturar, skjeive rytmar og svermar av dansande bokstavar – alt saman lett heimsøkt av eit forsiktig, introvert digitalt spøkelse. Vil spøkelset skremma oss, eller er det berre nysgjerrig? Den musikalske kampen mellom analog og digital informasjon utfaldar seg gjennom ein trolsk audiovisuell performance.

Me gledar oss!

Senere arrangement: 19. oktober
Opningsarrangement