Tilbake til alle arrangementer

Poesiyoga med Anne Marie Torheim

yoga.jpg

Finn kvild i ditt indre

gjev kroppen din ro

lat tankane sleppe

til diktande ord

bli med på vår yoga

med varme og kvild

lat laurdagen starte

med visdom og smil

Kva med å starte dagen med poesiyoga?

Anne Marie Torheim tek deg med på ein time med YIN YOGA. Dette kan passe for alle - ho kallar det for kvil deg i form-yoga, og du kan kome utan å ha prøvd yoga før. Det er begrensa med plassar. Kun 14 stk!

Du møter i lause, ledige klede, og har med deg ein ekstra gensar og varme sokkar. Resten har Anne Marie som du kan få låne.

Velkomen til ein herleg start på festivaldagen!

Tidligere arrangement: 19. oktober
Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen
Senere arrangement: 20. oktober
Sivle-barnetime med Jens!