Tilbake til alle arrangementer

Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen

hjørnevikogiversen.jpg

"Ikkje alle gjorde motstand under krigen"

Krig. Store krigar. Små krigar. Krig mellom land og folk. Krig mellom slektningar, ektefellar eller naboar. Personlege krigar, indre krig. Din krig og min krig. Krig opp, krig ned og krig i mente.Diktaren og komikaren Jon Hjørnevik vil ta for seg krigen – berre mykje, mykje kortare enn all annan krigslitteratur.

I si sjuande diktsamling er temaet det folk rundt han har måtta slite med og krige om. Han tek også for seg dei som gir f… og ikkje går i krigen. Vel 50 dikt fordelte på vel 100 sider burde vere meir enn nok.

Velkommen til ein kveld med eit nytt hefte hårreisande dikt i blanda med gamle, lyriske HITS.

PS. For deg som hatar dikt kan kvelden reddast av Iversen sine gitartonar.

 

Tidligere arrangement: 19. oktober
Verdsmannen Ketil Thorbjørnsen
Senere arrangement: 20. oktober
Poesiyoga med Anne Marie Torheim