Det er ei glede å få presentere desse to flotte damene! Adele og Monika har jobba saman fleire gonger, og produsert flotte forestillingar for born. No kjem dei til nynorske litteraturdagar med ei heilt ny forestilling. "Himmelspringaren" er basert på Sissel Horndal si bok med same tittel. Den passar for born i alle aldrar, frå 3 år. Me gledar oss!
"Den dagen lammet «Lilla» kjem til verda, vert det sjokk i Gullullafjøset. Ho er jo ikkje som vanlege søte kvite lam, ho er lilla! Ingen vil vite av henne, ikkje ein gong mor hennar.
Det er vondt å verte støytt ut av sine eigne, men dagen då den farlege Kvasskjeften kjem, viser Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lammekropp, sjølv om den er litt annleis enn dei andre."
Ei figurteater framsyning for folk frå 3 år.
Medverkande:
Av og med: Monika Solheim & Adele Lærum Duus
Regi: Annicke Gill Haukås
Musikk: Hallvard Lærum