Noko av det kjekkaste som finst er når nokon fortel ei historie og du kan leve deg inn i den medan forteljaren sine ord teiknar bilete i fantasien din! Og akkurat det kan Jorunn Barane gjere om du blir med oss på forteljarstund laurdag, for ho er skikkeleg god til å fortelje.
Dette er den første av tre programpostar som Nynorske litteraturdagar i år tilbyr borna.
Du som er vaksen kan gjerne vere med, men du kan også nytte høvet til å få med deg eit eller fleire bokbad. Me har nemleg fått med oss nokre flotte ungdomar som vil ta vare på ungane medan dei er på forteljarstund, figurteater og konsert. Du kan lese meir informasjon om dette tilbodet her.
Velkomne til alle born som gjerne vil høyre gode forteljingar!