"Månevenn", som er aktuelle med ny plate denne hausten, er ikkje redde for å ta ei utfordring! Difor har dei sett saman ein eigen familiekonsert spesielt for Nynorske litteraturdagar.
Denne vil passe for både vaksne og born. Det blir variert musikk presentert med glimt i auga og stor speleglede. Kanskje du til og med blir med og syng på eit refreng, eller tre? Dei inviterer små og store til ei knakandes kjekke stund laurdag kl 13.00.