Rune Timberlid (f. 1950) frå Sogndal, bur i Førde. Journalist og redaktør, no kommunikatør ved Lotteri og stiftelsetilsynet. Har skrive ei rekkje kriminalromanar. "Blodhemn" er Rune Timberlid si åttande bok om politibetjent Rolf Randen. Me får møte Rune i samtale med Marit Bendz laurdag 28.okt kl 10.00.
"Eit brutalt drap kjem for dagen då den svært omstridde gruva i Vevring blir opna. Samstundes blir det funne eit gammalt drapsoffer på botnen av Førdefjorden like ved gruveanlegget. Politibetjent Rolf Randen står sentralt i etterforskinga av drapet i gruva. Journalisten Karianne Grinde grev i den gamle drapssaka, og her kjem ho på sporet av andre dødsfall i distriktet. Har dei ein samanheng med dei to drapa i Vevring?"