Ragnhild er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho har tidlegare gitt ut ein kritikarrost romantrilogi om andre verdskrigen og etterkrigsåra, og skriv kriminalromanar som del av forfattarparet Kroken & Kolden.
Det gode vi ikkje gjer er Ragnhild Kolden sin fjerde roman. Den låner element frå både kriminalromanen og den psykologiske thrilleren, og er ei sterk historie om fornekting, unnlatingssynder, svik og skuld. Me får møte henne i samtale med Jan H.Landro.