Tusen år i Sogn tek lesaren med på ei historisk reise, frå vikingtid til vår tid, frå Solund til Sognefjellet. Steinar Velle og Torkjell Djupedal gir deg smakebitar frå boka!
Vi møter kjende sogningar som Harald Hårfagre, kong Sverre, Mensen Ernst og Gjest Bårdsen. Målet er ikkje å gje ei samla framstilling av Sogn si historie, men å gje smakebitar. Forfattaren gjer innhogg i historia, frå dei første skrivne kjeldene og opp mot vår tid.
Tusen år i Sogn er også ei bok med mykje kunst, med motiv frå Sogn av mange av dei store målarane frå 1800-talet, m.a. J. C. Dahl, Johannes Flintoe, Thomas Fearnley, Adolph Tidemand, H. F. Gude, Knut Bergslien, Anders Askevold, Amaldus Nielsen og Bernt Tunold. Det var til Sogn dei drog, kunstnarane som "oppdaga" det norske landskapet. Boka er også rikt illustrert med foto.